Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Seksjonsleiar Planseksjonen

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som seksjonsleiar.

Stillinga er knytt til planseksjonen ved ressursavdelinga i Stavanger. Planseksjonen er delt i fire einingar, med to einingar i Stavanger, ei i Leikanger og ei i Bergen. Ressursavdelinga utfører intern rådgjeving, planlegging, prosjektering og spesialistfunksjonar for dei andre avdelingane i regionen. Det er totalt 290 tilsette på ressursavdelinga.

Som seksjonsleiar får du ansvar for å leie og utvikle eit aktivt, kompetent og breitt samansett fagmiljø og du får personalansvar for 25 medarbeidarar.

Seksjonen har ansvar for utarbeiding av kommunedelplanar og reguleringsplanar etter plan- og bygningslova for veg- og gateprosjekt. Den har leveranse innan prosjektering, byggjeplanlegging og utarbeiding av konkurransegrunnlag, samt overordna planlegging, vegutgreiingar, konsekvensutgreiingar og analysar.

Som seksjonsleiar har du ansvar for

  • personalleiing og rekruttering
  • administrative oppgåver i seksjonen
  • sørge for at seksjonen har bemanning og fagleg kompetanse i forhold til oppdrag og oppgåver
  • halde oversikt over oppdragsmengde og fordele oppgåver
  • tett kontakt med oppdragsgjevarar
  • bidra i avdelinga si leiargruppe

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum 4-årig utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør - eller masternivå innan veg- og arealplanlegging, eller anna relevant utdanning.

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan vi fråvike kvalifikasjonskravet.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

I Statens vegvesen ynskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar i Statens vegvesen må du vera bevisst på at du er ein rollemodell og kulturskaparar og du må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane dine og deg sjølv.

Som leiar av seksjonen er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft. Det er ynskjeleg at du har leiarerfaring og erfaring innan stillinga sitt ansvarsområde. God munnleg og skriftleg framstillingsevne, samt høy gjennomføringsevne, er viktig i stillinga.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

*LI-PRIORITY

 

Fylke:
Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.08.2017
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Stavanger
Kontaktpersonar:
Margot Åsebø
mob: +47 95191902
Del denne jobben: