Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Faglaborant

I Statens vegvesen Region vest har vi ledig 80 %  stilling som faglaborant innan fagfeltet steinmaterialar og asfalt.

Ei av seksjonen sine hovudoppgåver er å bidra prosjekta i regionen med kontroll av utføring og kvalitet på materiala som vert nytta til vegbygging. Vi utfører felt- og laboratorieundersøkingar innan fagområda betong, steinmateriale, asfalt og geoteknikk.

Seksjonen har to nye sertifiserte analyselaboratorium, eitt i Bergen og eitt i Stavanger og har i dag 16 medarbeidarar fordelt på desse kontora.

Du kan få oppgåver innan fleire av fagområdane, men hovudmengda vil være på fagfeltet asfalt og steinmaterialar. Stillinga er knytt til Lab- og Vegteknologiseksjonen på Ressursavdelinga i Region vest.

Arbeidsoppgåver på laboratoriet og ute på veg 

  • asfaltanalyser på laboratoriet 
  • ekstrasjon av asfalt , bindemiddelinnhald , korngradering
  • steinmaterialar analyser på Laboratoriet
  • Micro Deval, Los Angels , korngradering, sikteanalyse  
  • kontrolloppgåver ute på felt, utføre prøvetaking og visuell kontroll  
  • kontroll av dokumentasjon, reseptar og rapportere resultat
  • følgje opp kvalitetssystem og HMS-arbeid
  • delta i fagmøter

Dette er ein jobb for deg som liker å jobbe ute i friluft og inne i laboratoriet.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga krev at du har fagbrev som faglaborant eller ingeniør i fagfelt kjemi.

Det er ynskjeleg at du har relevante erfaring frå laboratoriearbeid innan asfalt og steinmateriale og geoteknikk analyser. Kjennskap til vårt laboratorieprogram Labsys vil være en fordel.

  • God førestellingsevne, både skriftleg og munnleg
  • Gode IT kunnskapar
  • Førarkort klasse B og ønskelig BE

Personleg egnethet vil blir vektlagt.

Det må påreknast ein del reiseverksemd, då arbeidsoppgåvene vil vera i heile regionen.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • gode kommunikasjonsevner
  • nøyaktig, strukturert og leveranseorientert
  • god samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • at du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du er med på å påverke samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

Fylke:
Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.08.2017
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Stavanger
Kontaktpersonar:
Iris Hackelberg
mob: +47 97799423
Del denne jobben: