Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Planbestillar Plan- og forvaltning

I Statens vegvesen Region vest ved Plan og forvaltningsseksjonen i Stavanger, har vi ledig stilling som planbestillar.

Seksjonen står for planlegging av riks-/og fylkesvegprosjekter på alle plannivå i Sør-Rogaland. I tillegg har seksjonen fagkompetanse og oppgåveansvar innanfor kollektiv-, gang- og sykkeltiltak, miljøtiltak og trafikksikringsarbeid. Vi utfører skiltvedtak, gir uttalar til kommunale arealplanar og forvaltar vegnettet etter Vegloven. Vi er 23 engasjerte og dyktige medarbeidarar med brei fagleg bakgrunn.

Vi ønskjer nå å styrke oss med ein planbestiller som er interessert i, og har erfaring med, prosjektstyring og reguleringsplanlegging, gjerne i bynære områder.

Nasjonal transportplan, fylkesvegplanen til Rogaland fylkeskommune og arbeidet med nye bompengepakker på Jæren legg alle opp til ei stor satsing på infrastruktur dei kommande åra. Det vil satsast så vel på nye veger, som gode kollektiv¬løysningar og tiltak for gåande og syklande.

Statens vegvesen er ein viktig bidragsytar for å sikre ein heilskapleg og god samordning av areal og transportplanlegging i fylket, På  Nord-Jæren skal vi planlegge for 0-vekst i personbiltrafikken og tilretteleggje for at folk i framtida vil velje buss, sykkel eller å ta beina fatt framfor bilen.

Arbeidsoppgåver

Du vil som planbestillar representere prosjekteigar (seksjonsleiar) ved gjennomføring av planleggingsprosjekt. I rollen som planbestillar vil du ha utstrekt kontakt med kommunane og Rogaland fylkeskommune, og du vil vera ein viktig bidragsytar i etatens arbeid med effektiv planlegging.

Som planbestillar har du prosjektansvaret for kommunedelplanar og reguleringsplanar. Dette inneber at du vil få ansvar for at prosjekta når dei mål som er satt og innanfor dei økonomiske og tidsmessige rammene som er gitt til eit kvart prosjekt.

Hovudsakleg inneber dette at du skal:

  • utarbeide prosjektbestillingar som skal fastsette de ytre rammer, samfunnsmål og effektmål
  • sjå til at det vert utarbeidd prosjektstyringsdokumenter og følgje opp at prosjektet rapporterer i samsvar med fastsette krav og rutinar
  • vera ansvarlig for kvalitet, framdrift og økonomi og rapportere til prosjekteigar
  • ta avgjersler om endringar og løfte problemstillingar til prosjekteigar
  • utarbeide årlige planleggingsprogram og søke om planleggingsmidlar
  • overlevere sluttførte planprosjekt til byggherre

Arbeidsoppgåvene vil utførast i tett samarbeid med planleggingsleiarar, andre planbestillarar og fagansvarlege på seksjonen. 

Kvalifikasjonar

Du må ha minimum treårig utdanning frå universitet eller høgskule med bachelor- eller mastergrad, og det er en fordel med spesialisering innanfor prosjektstyring.

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • erfaring innanfor arealplanlegging og samferdsle i offentleg eller privat sektor
  • erfaring med og interesse for gang-, sykkel- og kollektivtiltak, samt trafikksikkerheit
  • økonomi- og kontraktsforståing
  • erfaring frå prosjektarbeid

For deg som har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg godt skriftleg og munnleg på norsk. Du må og ha gode datakunnskapar.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Dette vil vi vektlegge

  • gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt rolleforståing

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

*LI-PRIORITY

Fylke:
Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13.08.2017
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Stavanger
Kontaktpersonar:
Irene Hegre
tlf: +47 97976295
Del denne jobben: