Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Prosjekteringsleiar Planseksjonen

Prosjekteringsleiar for samferdselsprosjekt innan veg, kollektiv, sykkel og gange

- bli med på utvikling av framtidas samferdselsnett og kommunikasjons løysningar i Rogaland

I Rogaland er det ei stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna ved Sykkelstamveien, Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av disse prosjekta, og trenger dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda.

Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

Vi søkjer etter erfaren prosjekteringsleiar som kan leie og koordinere arbeidet med byggjeplanar. Prosjekteringsleiaren vil i hovudsak få ansvar for prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtala i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesvegar i Rogaland. 

Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorstad Stavanger. Planseksjonen i Stavanger har i dag om lag 50 tilsette, med kompetanse innan vegplanlegging, prosjektleiing, arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, miljø, arkeologi, støy/ luft, ROS m.m.

Stillinga er fast og ledig frå snarast.

Arbeidsoppgåver

Prosjekteringsleiar har ansvar for å koordinere arbeidet med byggjeplanar og konkurransegrunnlag med spesiell fokus på:

  • veg- og gate prosjektering
  • konkurransegrunnlag/anbod dokument
  • leiing og koordinering av fagområder i prosjektering arbeidet
  • anskaffing og styring av konsulentoppdrag ved behov
  • involvering og god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartar
  • oppfølging i byggefasen
  • bidrag til utvikling av prosjekteringsmiljøet

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå høgskule eller universitet på ingeniør- eller bachelornivå, min. 3 år
  • minimum 5 års relevant erfaring
  • erfaring med vegprosjektering
  • erfaring med å leie eller koordinere oppgåver

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • vilje til å gjennomføre oppgåver
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • erfaring med planlegging etter plan og bygningslova
  • evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

*LI-PRIORITY

 

 

Fylke:
Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.08.2017
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Stavanger
Kontaktpersonar:
Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413
Del denne jobben: