Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

V/A ingeniør Planseksjonen

Sivilingeniør med spisskompetanse innan overvasshandtering.

I Rogaland er det ei stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna ved Sykkelstamvegen, Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda.

Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

Vi søkjer etter en fagperson innan overvasshandtering, hydrologi eller tilsvarande som kan arbeide med vatnrelaterte spørsmål i forbindelse med planlegging og prosjektering av vegtiltak.

Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorstad Stavanger. Planseksjonen i Stavanger har i dag om lag 50 tilsette, med kompetanse innan vegplanlegging, prosjektleiing, arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, miljø, arkeologi, støy/ luft, ROS m.m.

Arbeidsoppgåver

  • flaummodellering
  • vere en ressursperson innan overvasshandtering og yte intern fagleg bistand
  • fastsetting av arealbehov for overvasshåndtering i planfasen
  • gi innspel til reguleringsbestemmelser og rekkefølgekrav
  • detaljprosjektering av overvassanlegg for veg-, gate- og tunnelprosjekt
  • utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • bistand til oppfølging i byggefasen

Kvalifikasjonskrav

Eksamen frå universitet eller høgskule innan vegplanlegging, overvasshandtering eller tilsvarande

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • erfaring frå prosjektering av vegar og tunnelar, men vi oppmodar og nyutdanna til å søkje
  • erfaring i bruk av dataverktøy i planlegging og prosjektering (AutoCAD, Novapoint m.fl.)
  • initiativrik, sjølvstendig, fagengasjert og resultatorientert
  • gode analytiske evner, kreativ og løsningsfokusert
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • leksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

* LI-PRIORITY

Fylke:
Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.08.2017
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Stavanger
Kontaktpersonar:
Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413
Del denne jobben: