Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Driftsmedarbeider - Norsk vegmuseum (ny utlysing)

Norsk vegmuseum søker etter driftsmedarbeidar (vikar/ekstrahjelp, heiltid), periode 1. februar til 31. mai 2018 (moglegheit for forlenging).

Norsk vegmuseum er etatsmuseet til Statens vegvesen. Museet blei opna i 1992 og er lokalisert på Hunderfossen i Lillehammer kommune. Museet har overordna ansvar for museumsarbeidet i Statens vegvesen, herunder verneverdige veger og bruer i etatens eie. Museet har omkring 25 faste medarbeidarar. Museet har service- og rådgjevingsansvar overfor Statens vegvesen og har eit breitt kontaktnett innan etaten. Museet har opent hele året og byr på historisk og teknisk veghistorie i eit spannande ute- og innemiljø. Vi har ein rekkje faste og skiftande utstillingar innomhus, og eit stort friluftsmuseum på 300 mål. Store deler av året har vi open landhandel, servering i gjestgiveriet og ein rekke arrangement for store og små. Museet har gode besøkstal og står overfor mange spannande oppgåver.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • drifts- og vedlikehaldsoppgåver knytt til uteareal, mellom anna brøyte og strø på vinteren
  • drifts- og vedlikehaldsoppgåver knytt til maskinar og køyretøy i drift (ikkje verkstadsarbeid knytt til museale køyretøy)
  • bistand til arbeidet med drift av bygg og moderne utstillingar, IT-relatert
  • bistand til arrangement

Arbeidstid

Ubekvem arbeidstid må påreknast knytt til mellom anna å brøyte og strø uteareal før kl. 0700 på kvardagar, men óg kveld og helg i forbindelse med museets opningstider. Av omsyn til museets opningstider startar driftsmedarbeidarane på jobb seinast kl. 0800.

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant fagbrev, vaktmestarskule og/eller annan teknisk kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring. Erfaring frå gardsdrift er ein fordel.
  • Evne og interesse for driftsrelaterte oppgåver
  • For å kunne hjelpe til i arbeidet med drift av bygningsmasse og moderne utstillingar er det eit krav til gode IT-kunnskapar
  • Arbeidsoppgåva inneheld ein del tunge løft og stiller krav til god allmenn fysikk
  • Du må har erfaring i å bruke traktor som arbeidsverktøy i tillegg til å ha førarkort klasse B og T.
  • Maskinførarbevis M4

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi ser etter en medarbeidar som

  • tar initiativ, jobbar sjølvstendig og strukturert
  • samarbeider og yter god service
  • har gjennomføringsevne og er løysingsorientert
  • viser fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid

Vi tilbyr

  • varierte og utfordrande oppgåver i et hyggelig arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning

Løn blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Vil du vite meir om stillinga kan du kontakte kontorleiar Randi Skjelsvold, mobil 959 79 381eller på epost: randi.skjelsvold@vegvesen.no

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 25. januar 2018 eller gå vidare til ”send søknad/ søk her”.

Fylke:
Oppland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
25.01.2018
Tiltreding:
01.02.2018
Arbeidsstad:
Fåberg
Kontaktpersonar:
Randi Tone Skjelsvold
mob: +47 95979381